Unge tankar på nasjonaldagen.

Elevar held tale for dagen 17. mai i Sunnylven. Frå venstre Lars Kvam Karbø, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Kristin Ringdal, Ola Tobias Røyrhus.

Elevar held tale for dagen 17. mai i Sunnylven. Frå venstre Lars Kvam Karbø, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Kristin Ringdal, Ola Tobias Røyrhus.

Det har blitt tradisjon i Sunnylven at elevar frå Sunnylven skule held talen på 17. mai. Også i år får festlyden på samfunnshuset høyre unge tankar frå 10. klasse.

Fire elevar ved Sunnylven skule, Kristin Ringdal, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Ola Tobias Røyrhus og Lars Kvam Karbø skal entre den festpynta talarstolen for å halde 17. mai tale i Sunnylven på fredag. Eit oppdrag dei har full kontroll på.
Alt er i rute, manuset er kladda med eit innhald dei ikkje vil røpe så mykje av. Men litt fekk vi vite, det blir om nasjonaldagen, heimbygda til elevane, og om fred og fridom.

I 10. klasse går 11 elevar. Ikkje alle kunne ta del i framføringa for dei har fått avmålt tid, men dei har samsnakka om innhaldet. Kristin, Anne Grete, Ola Tobias og Lars fekk oppdraget med å formidle dei unge tankane til publikum.

Om dei er nervøse eller gruer for oppdraget? Eit dumt spørsmål, for ved nærare ettertanke veit vi då at alle er svært så scenevante frå tidlegare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380