Herd vann 5-3.
Herd vart for sterke på heimebane mot Sunnylven/Stranda og vann 5-3. Dermed leiar by-laget 3. div. damer. Sunnylven/Stranda ligg på 4. plass.
Etter 15. minutt tok Herd leiinga i damekampen mot Sunnylven/Stranda. Like etter utlikna Kirsti Frøysadal Hauge og gjestane heldt fram med godt spel.
Store målsjansar kom på rekke og rad, og med litt meir flaks og dyktigheit hadde skåringar kome for dei raude/blå.
I staden var det Herd som fekk sjå ballen i nota igjen og 2-1, eit resultat som stod seg til pause.
Like etter avspark i andre halvdel utlikna Kirsti for Sunnylven/Stranda, men igjen kom Herd tilbake. Det vart 3-2, 4-2 og 5-2 mot litt slitne gjestar frå indre fjordstrøk.
Heilt på slutten sette Kirsti inn sitt tredje mål i kampen. 5-3 vart sluttresultatet.
Utruleg urettferdig å jobbe så mykje utan å få med seg eit einaste poeng, sa trenaren til sine spelarar etter tapet og der tempoet i kampen tok på.
Sunnylven/Stranda fekk ikkje utteljing på sjansane dei skapte, spesielt mange i ein periode i fyrste omgang.
Men innsatsen var bra så lenge kreftene heldt mot Herd som var eit godt lag og med sigeren inntok tabelltoppen med ein kamp meir enn Volda.
3. div. damer.
Herd – Sunnylven/Stranda 5-3 (2-1)
Mål Sunnylven/Stranda: Kirsti Frøysadal Hauge (3)
Sunnylven/Stranda:
Christina Holmberg, Kristin Ringdal, Tina Jøsok, Linda Vågseter Bjørdal, May-Helen Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Maria Berge, Lena Gjerde, Inga Vik, Kirsti Frøysadal Hauge, Birgitte Hagen.
Innbyttarar: Lillian Aasheim, Gro Mari Langleite, Vilde Hjelle.