Lokalnytt

Inviterte alle på jubileumstur.

Administrerande direktør ved Ole Ringdal a/s, Kristen Ringdal til høgre og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal med biletet "Kvitegga", ei gåve frå Sparebanken Møre.
Administrerande direktør ved Ole Ringdal a/s, Kristen Ringdal til høgre og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal med biletet «Kvitegga», ei gåve frå Sparebanken Møre.

I 2013 er det 75 år sidan kjøttvaregiganten Ole Ringdal a/s på Hellesylt starta si verksemd. Siste helg i mai vart jubileet markert med tur til Kiel for leiing og tilsette med ektemakar, ei utflukt der vellyd og superlativ var mange etterpå.

Det var i 1938 at Ole Arthur Ringdal starta slakteri i Hølen ved Hellesyltfossen. I 75 år har bedrift vakse seg til ei hjørnesteinsbedrift for bygdesamfunnet på Hellesylt med 60 fast tilsette som aukar til kring 90 i høgsesongen når haustslaktinga startar.
Flott ver
75-års jubileet vart markert siste helg i mai med tur for leiing og tilsette til Kiel i Tyskland.
Det starta i gryotta med to bussar frå Hellesylt til Vigra der reisa heldt fram med fly til Oslo.
Frå hovedstaden var det så båt fram og tilbake til Kiel med all den service og traktering ein jubiland skal ha.
Eit nydeleg ver på turen frå Oslo i sol og havblikk vart sterke opplevingar og minner for livet for dei som var med.

Attersyn og gåver
Under vegs vart det orientert frå bedrifta ved adm. direktør Kristen O. Ringdal, og det var diverse underhaldning. Mellom anna vart det vist ein bildeserie frå starten til verksemda og fram til i dag. Attersynet viste mange kjente som hadde stempla inn og ut ved bedrifta opp gjennom åra, både som tilsette i slakteriet, ved skjerebenkane, kjøttkvena, pakkeriet og på kontora.

Frå Sparebanken Møre overrekte banksjef Stig Tryggestad eit måleri av fjellet Kvitegga til jubilanten. Kanskje var det litt symbolikk i gåva. Motivet i biletet er det trauste og største mellom mange fjell i Sunnylven, slik Ole Ringdal a/s er som arbeidsplass på Hellesylt.
75-års jubilanten fekk også fleire blomsterhelsingar frå ein stor kundekrets.

Topp kvalitet
Ole Ringdal a/s er kjent for sine gode produkt. Spesielt har Olla-møren, som er eitt av nær 400 produkt, vore ei ettertrakta vare frå bedrifta. Men også andre spekemat og ferskvarer held topp kvalitet og er etterspurd. Bedrifta er av dei største i produksjon av pinnekjøtet som går unna i tonnevis over heile landet.

Ole Ringdal a/s har delteke i NM for kjøttvareprodukt og henta heim diplom og mykje edelt metall. Sist år vart grillpølsa kåra til landets beste.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380