
Torsdag gjekk den lokale jentebylja i Sunnylven. Starten var ved Hellesylt stadion og vendepunktet ved Steimsvegen, ei strekning etter Bygdavegen, fylkesveg 60 på 5. km. fram og tilbake.
Sola mangla, men turveret var perfekt då 20 jenter i alle aldrar la i veg på årets jentebylje i Sunnylven.
Turtrimmen er ikkje ein konkurranse, men personleg test på form og vilje.
Dei fleste tok turen i gå-fart, men tre unge jenter, Emilie Brekke, Anne Grete Langleite og Inger Ringdal Sæter brukte turen som treningstur. Alle tre er aktive i fotball og på ski om vinteren.
Det gjekk fort å fullføre ”bylja”, alle tre var tilbake ved start lenge før alle andre. Forma synest å vere god.
Jentebylja er eit flott tiltak, arrangert lokalt av Sunnylven IL friidrett/trim og Sunnylven sanitetslag
