Kulturskulen med sommaravslutning
Kulturskulen markerer denne og neste veka at det går mot sommar og at undervisningsåret er omme. Det blir danseshow og sommarkonsert i Storfjord kulturhus, og sommarkonsert i Sunnylven kyrkje og på samfunnshuset.
Onsdag 5.juni arrangerer danseklasse årets danseshow i Storfjord Kulturhus. Om lag 25 elevar har gått på danseklassene i Kulturskulen denne vinteren og onsdag vil dei, saman med læraren Karianne Vikene, presentere eit breitt samansett danseshow i Kulturhuset.
Fredag 7.juni vil vi presentere Kulturskulen sin sommarkonsert i Kulturhuset. Her har vi sett opp eit tverrsnitt av dei elevane vi har i kulturskulen. Vi vil få høyre elevar som har spelt i berre eit par år, og vidarekomne som no ”går av med alderspensjon”. (ferdig på vgs)
Mange av elevane er midt i mellom.
Vi har sett opp eit program som spenner frå enkeltelevar til band – frå barokk til jazz – frå ballader til rock-a-billy.
Ein variert og allsidig konsert som vil appellere til dei fleste publikumsgrupper.
Fredag 14. juni er det klart for sommarkonsert også i Sunnylven. Dette vert ein todelt konsert som startar i Sunnylven kyrkje og som vert avslutta i Sunnylven samfunshus.
Her vil vi presentere det meste av det Kulturskulen er involvert i i Sunnylven. Vi får høyre orgelmusikk, feler, korps og aspirantar, band og pianistar. Dette vert ei verdig avslutning på
undervisningsåret i Sunnylven.