Lokalnytt

Lions heider til Olga Taraldset

Olga Taraldset med prisen ho mottok under Riksmøtet i Loen.
Olga Taraldset med prisen ho mottok under Riksmøtet i Loen.

Under riksmøtet for Lions i Loen i mai vart Olga Taraldset frå Lions Club Hellesylt tildelt ein internasjonal, høgthengande pris.

Olga Taraldset har hatt leiarverv i Lions-organisasjonen i mange år og har vore aktiv i hjelpearbeidet for naudlidande i aust-europeiske land, mellom anna i samarbeid med Lions Club i Jurbarkas i Litauen.

Under Riksmøtet i Loen kunne ho motta ”Certifikate of Appreciation”.

På sommarmøtet til Lions Club Hellesylt som vart halde på Grand Hotel fyrste tysdag i juni, fortalde Olga Taraldset frå Riksmøtet og saker som vart drøfta.

Lions Club Hellesylt har 14 medlemer, 12 var til stades på sommarmøtet der hotellvert Ramazan Øcal ved Grand Hotel fortalde om hotellet og om planane for drifta framover.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380