Opna Staurgale tysdag
Tysdag opna utstillinga Staurgale ved Norsk Fjordsenter i Geiranger. Kirsti Idreeide frå landbruksavdelinga hos fylkesmannen stod for den offisielle opninga av byggverk av gamle hesjestaur.
For fjerde år på rad er eit prosjekt om hesjestaur, installasjonar, kunst, tradisjon og verdsarv på plass ved Norsk Fjordsenter. I år har 80 elevar frå skulane i Stranda kommune, to klasser frå Ringstad skule, Sunnylven skule og Geiranger skule delteke i bygginga av eigenkomponerte konstruksjonar.
6. og 7. klasse ved Sunnylven skule var ved Norsk Fjordsenter i mai og bygde sin konstruksjon av hesjestaur. Det vart ein labyrint, eit pratbygg med fleire fargelagde staur i rødt og grønt.
Under opninga tysdag var også 5. klasse frå Sunnylven skulen med.
Elevane hadde med helsingsord, og sjølvdikta song som Inger Ringdal Sæter framførte med resten av elevane som koristar.
I teksten fekk koordinator for Staurgale-prosjektet, Merete Løvoll Rønneberg mykje skryt som ”ei kjempekul dame som heitte Merete”. Songen var ein suksess som fekk stor applaus.
Kirsti Indreeide opna utstillinga Staurgale 2013 ved å klippe over eit silkebandet, strekt mellom to staurar.
Fyrste gong Staurgale kom i stand ved Norsk Fjordsenter var i 2010. Då som no var det elevar frå skular i Stranda som stod for bygginga. I åra etterpå har elevar frå dei andre verdsarvkommunane Norddal og Stordal delteke med kreative konstruksonar.
No har vi starta på nytt med skulane i Stranda kommune, Ringstad, Geiranger og Sunnylven, fortalde Merete Løvoll Rønneberg.
Dei fire klassene fekk overrekt kvar sin diplom og boka Gaute Gneis som lønn for innsatsen.
Staurgale – utstillinga blir ståande ved Norsk Fjordsenter heile sommaren fram til 1. september.