Lokalnytt

Rydda utsyn til Hellesyltfossen

doc_3574_2

Etter oppslag i lokal presse om attgroing langs Hellesyltfossen, bestemte spreke pensjonistar på Hellesylt til å gjere noko med det. No er fossen også synleg frå gangvegen opp Kloppene.

Det hadde vakse opp urskog mellom gangvegen og Hellesyltfossen. Ferdande berre høyrde at det store fotomotivet buldra forbi ned svaberga, men såg ingen ting.
No har fem pensjonistar saga ned krattskogen og etter to dagar er store mengder selje, rogn, or, bjørk og klunger fjerna. Litt står att, men også det skal bort får vi oss fortalt. Karane må skaffe seg litt sikringsutstyr då terrenget er bratt og hellar i elva.

Hellesylt Næringslag var så takksame for initiativet at laget inviterte ”skogsarbeidarne” til gratis middag på Peer Gynt Galleriet.

Det var tett lauvskog langs hele gangvegen. No er det meste fjerna.
Det var tett lauvskog langs hele gangvegen. No er det meste fjerna.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380