Lokalnytt

Sommaravslutning ved Sunnylven skule

 

Sommaravslutninga ved Sunnylven skule sist onsdag samla mange. Syskjen, foreldre og andre slektingar av elevane fekk oppleve fine programinnslag og utdeling av vitnemål til avgangselevane.

Det var elleve elevar som fekk tildelt sine avgangsvitnemål i år. Kontaktlærar for klassa har vore Egil Dolmen.
Rektor Roar Seljeset var raus i sin omtale av elevane, klassa som var norges beste på ei nasjonal leseprøve i fjor.
-No skal de reise ut frå Sunnylven til andre gjeremål, kanskje for alltid. Eg trur det vil gå berre bra om de viser same initiativ og fine framferd som de har gjort som elevar ved Sunnylven skule, sa Seljeset mellom anna.

Musikk, song og dans
Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg opna programmet i gymsalen. Fyrst med ”Lay All Your Love On My” og deretter ”Sunnylvsmarsjen”, tonar som på nytt begeistra publikum. Heile salen klappa taktfast med til slutt.
Så var det innslag med 3. og 4. klasse, og deretter 7. og 8. klasse. Det vart både song, dans og forteljingar, det meste laga av elevane sjølve.

Rektor Roar Seljeset batt programmet saman med å fortelje frå arbeidet i skulen og om ting elevane har opplevd og vore med på utanom.
Til slutt vart det enkel servering til alle og ei lita utloddning.

Vedlikehald av skulen
Planane for renovering av Sunnylven skule er utsett på ubestemt tid.
Frå FAU fortalde Kristin Storstein om planar som foreldreutvalet har og vil få i gong no i sommar.
Gjennom ein dugnad ynskjer dei mellom anna å gje klasseroma eit strøk måling, gjerne med fargar i forståing med elevane.
-Vi vil ikkje ta frå kommunen det ansvar den har med å vedlikehalde skulen vår, men vi ynskjer å pynte på klasseroma for å betre trivselen både for elevane og dei tilsette, sa Kristin Storstein.
Ho håpa mange stilte på slik at klasseroma var klare til skulestart 19. august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380