Sommarkonsert med kulturskulen

Anne Grete Langleite til venstre og Kristin Ringdal.

Anne Grete Langleite til venstre og Kristin Ringdal.

Sunnylven opplever ein vår innan song og musikk. Gjennom kulturskuletilbod har over tretti skuleelevar hatt undervisning, og sist fredag gav dei prov på opplæringa.

Sommarkonserten som Stranda kuturskule heldt i Sunnylven fredag kveld imponerte song og musikkglade, fyrst i Sunnylven kyrkje og etterpå i storstova ved skulen.

På begge stader stod unge elevar for flotte prestasjonar med song og på ulike instrument.

I Sunnylven kyrkje fekk Lars Kvam Karbø æra av å opne og avslutte konserten på orgel, til slutt med Tokata i D av Johan Sebastian Bach.
Kristin Ringdal og Anne Grete Langleite spela gitar og song, Simen Frøysa Hellebostad spela orgel, aspirantar viste at rekrutteringa til skulekorpset er i rute, Veronica Janssen spela gitar og song ”Halleluja”, Anette Frøysa trakterte piano også saman med Ingeborg Langeland, og unge felejenter spela så flott saman med lærarar i kulturskulen, Synnøve Hjellbakk Hole og Eirik Torset.

På Sunnylven samfunnshus var det skulekorpset som opna konserten med Abba-låten ”Lay All Your Love On My”, og deretter vart det meir song og spel frå dyktige elevar, både som soloinnslag og i Band. Det klang godt og vakkert i storsalen i nær to timar der ei talrik forsamling takka med applaus.

Slike Sommarkonsertar kjem ikkje i stand av seg sjølv. I Stranda kulturskule jobbar dyktige lærarar, slo rektor Trond Otto Berg fast. Han rosa sine kolleger Gunnar Inge Eide, Synnøve Hjellbakk Hole og Eirik Torset.

Like mykje ros fekk Sunnylven skule, elevar og foreldre:
-Vi er heldige som får jobbe ved skulen på Hellesylt. Alt ligg så vel til rette, det er berre ein draum å kome hit. Og makan til pliktoppfyllande elevar skal ein leite lenge etter, sa rektor Berg som også takka alle foreldre for godt samarbeid.

Lars Kvam Karbø.

Lars Kvam Karbø.

Unge felespelarar.

Unge felespelarar.

Sunnylven skulekorps.

Sunnylven skulekorps.

Unge medlemer i Band ved Sunnylven skule.

Unge medlemer i Band ved Sunnylven skule.

Mange fekk oppleve ein flott Sommarkonsert i Sunnylven.

Mange fekk oppleve ein flott Sommarkonsert i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380