
Bak grøne konteinarar på kaia har turistar berga seg i trengjande situasjonar då dei offentlege toaletta på Hellesylt kai har vore avstengde. Midt i turistsesongen har det endeleg blitt ei løysing.
Det er Coop Eigedom som tidlegare har leigd ut bygget med toalett på Hellesylt kai. Grunna dårleg økonomi sa Stranda kommune opp leigeavtalen etter sesongen i fjor. Turistsesongen 2013 starta med stengde toalett på Hellesylt.
No er det blitt ei løysing, fortel næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal. Han synest det er leitt at turistar skal få eit slikt fyrsteinntrykk av Hellesylt, å finne offentlege toalett låste. Han har brukt to dagsverk på å rydde opp og få i stand nye avtalar.
No er det framforhandla ny leigeavtale med Coop, Fjord 1 syter for rekvisitter og Stranda kommune har hyra inn reinhaldar.
Dermed vart dørene til toaletta på Hellesylt kai opna igjen måndag 17. juni.
