
Distanserittet for hesteeigarar som Stranda ride og køyreklubb arrangerte på Frøysa vart ein suksess. I alt 23 deltakarar frå store deler av Møre og Romsdal stilte i fineveret som kom tilbake i Sunnylvsbygda.
Det var flotte hesteekvipasjar å sjå i tunet på Frøysa laurdag. Stemneleiar Janne Hetle kunne ramse opp mange hesterasar, Islandshest, Fjording og Dølahest, Blandingshestar og Varmblodshestar.
Hetle hadde ein travel dag, for mykje skal på plass og informere om når 23 deltakarar, mange tilreisande stiller til start.
Deltakarar kom frå Sekken i Romsdal, frå Harøy, Emblem, Ålesund og sjølvsagt mange frå arrangørklubben Stranda ride og køyreklubb.
Mellom ryttarane var 11 år gamle Marthe Fivelstad aller yngste. På Dennis, ein polsk varmblodshest sat ho trykt og godt og gjennomførte halve lengste distanse på 14. km. Ein tredjedel av deltakarane tok målgang etter 7. km.
– Distanseritt er ingen vanleg konkurranse på beste tid. Der skal rideturen fullførast på mellom minimum og maksimum tid utan at hesten skal stoppe. Kunsten er å halde rett fart gjennom heile løypa.
Ved målgang skal hesten vere i fin form, ikkje høg puls eller skada på nokon måte for å få godkjent. I motsatt fall blir deltakar diskvalifisert, forklarte Janne Hetle.
To ga opp under vegs, dei andre fullførte til godkjent og fekk premie.




