Lokalnytt

Fantastisk god cruisekai

Tilsette ved Hellesylt kai saman med mannskap på MSC Musica. Frå venstre Fredrik Haugerud, Inge Hole, Vincenco Pollo, Ole Hjalmar Bonsaksen, Eivind Helset, Bente Bonsaksen.
Tilsette ved Hellesylt kai saman med mannskap på MSC Musica. Frå venstre Fredrik Haugerud, Inge Hole, Vincenco Pollo, Ole Hjalmar Bonsaksen, Eivind Helset, Bente Bonsaksen.

Tidleg onsdag morgon kom eitt av dei aller største cruiseskipa til kai på Hellesylt. Få minutt seinare kunne fleire hundre reisande gå i land for å ta fatt på turen ”over land”.

Sola hadde så vidt klatra over fjella i Sunnylvsfjorden og sendt sine varmande strålar mot Hellesylt då cruiseskipet MSC Musica glei sakte innover mot Hellesylt kai.

Det digre skipet på 294 meter hadde nye cruiseturistar om bord som var klare for turen ”over land”.

Fortøyd på kvarteret
På cruisekaia venta mannskap frå Stranda Hamnevesen for å ordne med fortøying av skipet.
Nær kaikanten vart fangliner for solide trosser kasta på land av mannskapet om bord.
I baugen vart to hala inn med traktorvinsj og festa til eit solid landfeste. Bak hala ei anna traktorvinsj inn ei trosse til kaia, og ei vart festa til pullerten i sjøen.
MSC Musica låg trygt og godt til kai i løpet av eit lite kvarters tid.

Det er Bonsaksen som eig dei to traktorane med vinsj. Nyttig utstyr når grove trosser skal på land.
I sommar har det blitt mykje jobb på kaia så slåtten heime på Ljøen har ikkje kome skikkeleg i gong enno, fortalde Bente Bonsaksen. Det blir nok ekstra sein slått for sauebonden i år, for cruisebåttrafikken er ikkje avtakande med det fyrste.

Unison ros
Driftsansvarleg i Stranda Hamnevesen, Inge Hole og hjelparane Eivind Helset, Bente Bonsaksen, Ole Hjalmar Bonsaksen og Fredrik Haugerud har drilla inn arbeidsrutiner etter å ha teke mange båtar til kai denne sommaren. Mest alle går til kai i år, fortel Inge Hole.
-På Hellesylt har vi eit godt kaianlegg som får unison ros frå alle losar vi har vore i kontakt med. Det er også tryggare for alle å legge til kai.
Så langt har trafikken ikkje bydd på problem same kor små og store båtane er, sa Inge Hole.

Marco Olivieri på MSC Musica er sjef for hotelldelen og dei tilsette om bord. Han har besøkt Hellesylt kvar sommar sidan 2005.
-Her er svært vakkert på Hellesylt og ein glede å kome tilbake. Og på kaia er alt enkelt, eg likar alt, kaia, piren og tilkomsten til bussane, sa Marco Olivieri.

Fiska til kapteinen
Det hender at cruiseturistar gløymer klokka og kjem litt seint tilbake til cruiseskipa igjen. Nyleg kom nokre med ferje frå Geiranger for å gå om bord på Hellesylt igjen. Det var ein ferjeavgang for seint, så kapteinen på skipet var litt utolmodig.
Resten av cruiseturistane tykte det var fint med litt ekstra tid på Hellesylt. Nokre fekk låne fiskeutstyr for å fiske frå kaia og dei fekk napp av småsei. Fisken skulle kapteinen få. Kanskje steig humøret etter eit måltid med steikt småsei, fiska på Hellesylt.

Marco Olivieri tykte Hellesylt er vakkert. Her saman med driftsleiar ved kaia Inge Hole.
Marco Olivieri tykte Hellesylt er vakkert. Her saman med driftsleiar ved kaia Inge Hole.
Eivind Helset og Bente Bonsaksen ved eit solid landfestet.
Eivind Helset og Bente Bonsaksen ved eit solid landfestet.
Bak var det trosser både til kai og pullert i sjøen.
Bak var det trosser både til kai og pullert i sjøen.
Trykt ved kai og turistane unne gå i land.
Trykt ved kai og turistane unne gå i land.
MSC Musica var fyrste cruiseskip til Hellesylt kai i år og ruvar godt. Seinare har det blitt fleire besøk.
MSC Musica var fyrste cruiseskip til Hellesylt kai i år og ruvar godt. Seinare har det blitt fleire besøk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380