Lokalnytt

Folkemusikk møter opera i Sunnylven kyrkje

Mezzosopran Mari Askvik blir å høyre i Sunnylven kyrkje torsdag kveld.
Mezzosopran Mari Askvik blir å høyre i Sunnylven kyrkje torsdag kveld.

Torsdag kveld held mezzosopran Mari Askvik og kantor Carolin Eide konsert i Sunnylven kyrkje. På repertoaret står både opera og folkemusikk.

Mari Askvik er frå Leikanger i Sogn og Fjordane.

25-åringen har bachelor i klassisk song og opera og er for tida masterstudent ved Operahøgskulen i Oslo.

Mari Askvik har hatt roller i kjente operaoppsetjingar og teke songtimar med fleire, mellom anna Randi Stene og Solveig Kringlebotn. Ved sidan av studiar opptrer ho ved arrangement i fleire samanhangar.

Mari har vakse opp med ein familie der folkemusikk har vore aktiv og utbreidd, noko som enda med ei juleplate frå familien i 2011. Folkemusikk har ho teke med som del av konsertrepertoaret.

Saman med kantor Carolin Eide på piano syng Mari Askvik både folkemusikk og operasvisker frå Mozart, Händel og Rossini i Sunnylven kyrkje tordag 11. juli kl. 20.00.
Det er gratis inngang, kollekt ved utgangen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380