Fotoutstilling i Peer Gynt Galleriet

Laurdag vart John Colbensen si salsutstilling av fotografi opna i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Fleire, mellom anna eit prisbelønna bilde vart seld fyrste dag.
Kari Hauso Stadheim frå kulturgruppa ved kunstsenteret stod for opninga av den andre kunstutstillinga ved Peer Gynt Galleriet denne sesongen. Ho presenterte utstillaren for eit tretti-talls frammøtte og ønska han lukke til med utstillinga som han hadde kalla ”Nordvest belyst”.
-Her har du fanga inn den fantastiske naturen og lyset som Vestlandet har både dag og natt heile året. Her er hav, fjordar, trange dalar, vide sletter og høge fjell.
Vi kjenner oss heldige som bur i dette vakre og skiftande landskapet som du så spanande har fått fram i dine fotografi, sa Kari Hauso Stadheim mellom anna.
Kristian Haugen frå Hornindal er ein dyktig utøvar på akustisk gitar og skriv eigne songar. Under opninga framførte han to av visene sine, begge med tekstar på nynorsk.
Spent utstillar
John Colbensen var spent på kva mottaking fotoutstillinga ville få.
Kvart bilde kan bli kopiert 20 gonger, men ikkje meir, fortalde han.
Utstillinga var hans aller fyrste og såg ut til å få god mottaking. Mest før den offisielle opninga var ferdig var dei fyrste bilda selde. Mellom anna eitt frå Alnes fyr som sikra han tittelen Skandinavisk fotomester 2012.
Natur på Island
Colbensen jobbar mest for næringslivet, men leitar stadig etter motiv rundt om i landskap som naturfotograf. Å ta bilder av høgtidsdagar for folk har han slutta med.
-Eg opplevde å få tingingar fleire år i forvegen. Då såg eg fort at tida mi vart alt for mykje oppbunden med avtalar.
No arbeider John Colbensen med å fotografere til ein ny katalog for Mesterhus. Seinare i år blir det tur til Island for å fange inn nordisk lys og natur der, kunne han fortelje.