Lokalsport

Har møtt gode lag i Norway Cup

Det har blitt fire tap og ein uavgjort kamp for Sunnylven sine to lag i Norway Cup. Kanskje litt skuffande, men motstandarlaga har vore gode.

G 16 tapte 0-4 for Seljord/Kviteseid i fyrste kamp søndag. Seinare same dag møtte dei eit tysk lag og fekk stryk heile 10-1. Lars Kvam Karbø skåra Sunnylven sitt mål.

Jentelaget møtte Bjørn søndag. Det vart tap 0-2, men J 14 hadde sine sjansar som kunne blitt mål i denne kampen.

Måndag spela J 14 mot Haddal og sikra klubben sitt fyrste poeng. Kampen enda uavgjort 0-0.
Rosendal 2. vart for gode for G 16 og vann 3-1. Dermed tredje tap for gutane til Sunnylven. Stian Frøysa skåra for G 16-laget.

På tysdag møter jentelaget Gratangen på Ekeberg, og gutane Tornado, Måløy på Abildsø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380