Lyn-samling på Hellesylt

Klare for Flofjellet. Framme frå v: Simen Hægstad Kruger, Torgeir Holmøy, Johannes S. Hagerup, Hilde Lauvhaug, Sondre Grønvold, Anniken Hjellbakk Hole. Bak frå v: Håkon Hjelstuen, Fredrik Ole O. Andersen, Stian Roti Svendby, Sjur Prestsæter, Bendik P. Andersen, Hans Kristian Stadheim.

Klare for Flofjellet. Framme frå v: Simen Hægstad Kruger, Torgeir Holmøy, Johannes S. Hagerup, Hilde Lauvhaug, Sondre Grønvold, Anniken Hjellbakk Hole. Bak frå v: Håkon Hjelstuen, Fredrik Ole O. Andersen, Stian Roti Svendby, Sjur Prestsæter, Bendik P. Andersen, Hans Kristian Stadheim.

Frå søndag 30. juni til og med laurdag 6. juli har ti langrennsløparar frå Lyn ski treningsamling i Sunnylven og i områder kring.

Det er andre året på rad at Oslo-klubben har treningssamling på Hellesylt der fleire kjente langrennsess har delteke i trenar Hans Kristian Stadheim sine heimetrakter. På samlinga er med løparar som Simen Hægstad Krüger, Håkon Hjellstuen, Sondre Grønvoll og Hilde Lauvhaug, alle kjente etter å herja høgt på resultatlistene dei siste vintrane.
Samlinga starta søndag kveld med fjelltur. Frå Hole på ca. 240 meter o.h. bar det opp til Helsetkopen (1246) mot Nokkenibba (1380) og tilbake om Vindholen. Etter 3t.40 m. var gjengen tilbake ved start.

Ut over i veka har løparane gjennomført rulleskitrening i Norangsdalen, bakkeløp med stavar mot Roalden på Stranda, og seks timar samanhengande trening på klassisk/skøyting rulleski i Sunnylven med avsluttande løpetur fram og tilbake til Flofjellet.
Trenar Hans Kristian Stadheim har også prioritert mykje teknikktrening på rulleski og styrketrening i gymsalen ved Sunnylven skule.

Det har vore tøffe treningsdagar gjennom heile veka.
Dei siste daganer vart treningsøktene litt lettare og ein tur på spa ved eit hotell i Geiranger var populært.
Alle stiller i Hellesyltløpet laurdag. Vi har hått oss fortalt at alle jaktar på løyperekorden til klubbkollega Andres Mølmen Høst på 21.16 frå i fjor. Det kan bli ei ny, hard økt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380