17. desember 2025

Ny konsertoppleving i Sunnylven kyrkje

Berit Sørensen, dyktig utøvar på sitt messinghorn som blir å høyre i Sunnylven kyrkje fredag kveld.
Berit Sørensen, dyktig utøvar på sitt messinghorn som blir å høyre i Sunnylven kyrkje fredag kveld.

Fredag 2. august er det konsert i Sunnylven kyrkje med hornisten Berit Sørensen og trombonisten Eyvind Sommerfeldt. Dei to blir akkompagnert av Carolin og Gunnar Inge Eide på piano og orgel.

Med seg i notekofferten har dei musikk av både Robert Schumann, Leopold Mozart, Alexandre Guilmant.

Også Sverige og Danmark blir representert melodiøst med verk av Hugo Alfvén og Paul Heise, to store namn i nabolanda våre.

Berit Sørensen er frå Danmark, og har hatt kontrakt med både Trondheim Symfoniorkester, Malmø operaorkester og Ålborg Symfoniorkester. I 2011 vann ho solistkonkurransen ved Det Jyske Musikkonservatorium, og i august 2011 spelte ho seg inn som førstehornist i Fundação Orquestra Estúdio, symfoniorkester for Europeisk kulturbyår 2012 i Guimaráes, Portugal.
I september i år skal ho vere solist med Malmø symfoniorkester i Strauss’ 2. hornkonsert.

Eyvind Sommerfeldt er frå Ellingsøya og har sin diplomeksamen frå Norges Musikkhøgskole. Han har hatt engasjement ved m.a. Forsvarets Stabsmusikkorps, Ålborg symfoniorkester og Det Kongelige Kapel og er no solotrombonist i Orquesta Sinfónica de Galicia i Spania.

Programmet har hovudvekt på romantikken: Robert Schumann sitt flotte «Adagio og Allegro» for horn, Alexandre Guilmant sin «Morceau Symphonique» og skandinavane Hugo Alfvén og Peter Heise som er representerte med to perler som kanskje er nye opplevingar for mange.
I tillegg skal Eyvind framføre Leopold Mozart sin konsert for alt-trombone, og som den allsidige musikaren han er vil han også spele nokre melodiar frå jazzrepertoaret.

Akkompagnatørar er Carolin og Gunnar Inge Eide på orgel og piano.
Konserten er i Sunnylven kyrkje fredag 2. august kl 20.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →