Lokalnytt

Opera og folkemusikk i Sunnylven kyrkje

Mezzosopran Mari Askvik i Sunnylven kyrkje.
Mezzosopran Mari Askvik i Sunnylven kyrkje.

Mezzosopran Mari Askvik og pianist Carolin Eide heldt konsert i Sunnylven kyrkje torsdag kveld for 50 frammøtte. Eit repertoar med både opera og folkemusikk begeistra publikum.

Det finaste instrumentet har mange fått i gåve med livet. Mari Askvik frå Leikanger i Sogn oppdaga tidleg både si interesse og si medfødde gåve. Interessa for å utvikle si gode songrøyst kom tidleg, ho var berre 13 år då ho song ved ei tilstelling på heimstaden i Leikanger og fekk gode tilbakemeldingar.
No har 25-åringen eitt år igjen av utdanninga si ved Operahøgskulen i Oslo og får kyndig opplæring av mange, mellom dei Håvard Bjarkøy.

Med sin sommarvisitt til Sunnmøre fekk fleire både i Geiranger og Sunnylven høyre Mari Askvik. I Geiranger kyrkje var 40 til stades onsdag, i Sunnylven kyrkje kvelden etter var om lag ti fleire.
Carolin Eide gav tonefylje på begge stader, ein svært dyktig pianist som også bidrog til at det vart ein flott konsert.

Om eitt år er Mari Askvik klar for dei store scener, ei komande operastjerne trur vi. Torsdag imponerte ho med framføring frå Figaros bryllup, med arier frå Händel, Mozart og Rossini. Også folkemusikk både med og utan tonefylje var med i programmet.

Mezzosopran Mari Askvik er ein av fire norske som er klar for dronning Sonja`s musikkonkurranse i august.

Det vart ein liten time der ho ”spela” med og gav frå ei toneprakt som ”rulla” gjennom heile skalaen. Gamle Sunnylven kyrkja klang med, nesten som om ho var konstruert for slike stunder, ein operakveld med Mari Askvik.

Prestevikar Morgan Berg delte ut blomar til Mari Askvik og Carolin Eide etter konserten.
Prestevikar Morgan Berg delte ut blomar til Mari Askvik og Carolin Eide etter konserten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380