Ordføraren opna Sommardagar på Hellesylt
Ordførar Jan Ove Tryggestad opna dei 26. Sommardagar på Hellesylt laurdag. Han rosa arrangøren og sine sambygdingar for samarbeid om eit flott arrangement.
Heile bygda stiller opp for å gje våre gjestar det beste denne helga. Det har blitt ein sommarfest om lag etter same mønster frå år til år og publikum likar det dei får servert. Likevel er det viktig å fornye tilboda, noko Sommardagar på Hellesylt også har greidd.
For mange er dagane framleis ein møtestad der nyheiter og den gode samtalen med kvarandre er det viktigaste, sa ordføraren mellom anna.
-Lær av i går, lev for i dag og håp for i morgon. Slik heiter det og slik kunne det vere for Hellesylt. Bygda har hatt og har utfordringar. Byggeforbudet har hemma ei lengta utvikling, men i løpet av året kan mykje bli løyst gjennom ny reguleringsplan og andre vedtak, antyda ordføraren.
-Fjell lyt du over skal du koma lenger-. Vi er skodde til å løyse utfordringar i fellesskap og vi håpar å sjå ei utvikling i Hellesylt med bygging og utvikling av både eksisterande og nye næringar.
Men i tillegg vil dugnadsånd og felles løft framleis vere viktig for bygda og Hellesylt, sa ordførar Jan Ove Tryggestad som erklærte Sommardagar på Hellesylt 2013 for opna.