Raust frå Sparebanken Møre
Under Sommardagar på Hellesylt kom banksjef Stig Tryggestad, Sparebanken Møre på utescena med ei ”spekka ” lommebok. Heile 225.000.- kroner hadde han med i gåver til lag og organisasjonar i Sunnylven.
Fleire hadde søkt om Gullkornmiddlar, overskot i Sparebanken Møre. Under avslutninga av Sommardagane kunne representantar for sju lag og viktige institusjonar i Sunnylven motta rause gåver frå sparebanken.
Desse fekk gåver etter søknad:
25.000.- kroner kvar:
Ungdomskoret Joyful,
Sunnylven Barnehage,
Sunnylven skulekorps,
Røyrhus Grendalag,
Sunnylven skyttarlag.
50.000.- kroner kvar:
Sunnylven kyrkjelydshus,
Sunnylven samfunnshus.