Sommaravslutning i Barnehagen

Mange kom til sommaravslutning i Sunnylven Barnehage tysdag. Det vart eit par trivelege timar med servering og litt program.
Sunnylven Barnehage tek fire veker fellesferie frå fredag 5. juli. Då blir det fri også for 31 born som har hatt mykje moro og lærerike dagar i Trollhola og Blåbærtua det siste året.
I august skal sju av dei ta til ved Sunnylven skule.
I barnehagen kjem tre nye til, fortalde styrar Hilde Langlo Brekke.
Ho synest dei har ein fin barnehage å tilby alle som har fått plass frå august av.
-Det er ein lun stad både vår og haust og naturlandskapet kring er spanande og utfordrande, seier ho.
Til sommaravslutninga møtte mange, truleg langt over hundre unge og eldre. Alle kosa seg ute i behageleg temperatur med både pølse og brød, saft, kaffi og kaker. Og borna song sjølvskrivne songar til underhaldning.
Det er alltid koseleg å kome innom barnehagen. Der er alltid blide born og hyggeleg betjening, fekk vi høyre.
I Sunnylven Barnehage jobbar ti personar på heiltid eller deltid. Under sommaravslutninga vart dei overrakt blomar og eit gåvekort på Øcal pizzarestaurant frå borna som frå hausten av skal over i Sunnylven skule. Det sette mottakarane stor pris på.
Vi fekk oss fortalt at det store mange av borna såg fram til var ein tur i Thomas tivoli under Sommardagar på Hellesylt komande helg.