
Til konserten i Peer Gynt Galleriet laurdag hadde kulturgruppa hyra inn Los Osos Polares, ein kvintett med argentinsk tango på repertoaret. Det vart ei strålande framføring av kjenslefulle tekstar og tonar.
Los Osos Polares er frå Trondheim og starta sitt turneliv for fire år sidan. Kvintetten består av nesten berre familiemedlemer.
Den svingande musikken er innom stilartar som jazz, populærmusikk og klassisk og appelerer til publikum i alle aldrar.
Laurdag var det konsert i Peer Gynt Galleriet der svært dyktige musikarar og med vokal av Ingrid Nyhus leverte ei strålande framføring av argentinsk tangomusikk og songtekstar.
Los Osos Polaes, eller ”Isbjørnane” tok publikum med tilbake til 50 og 60-talets gullalder frå Rio de la Platas bredder.
Frå Ingrid Nyhus si litt mørke og kraftfulle songrøyst kom tekstar med både glede og skuffelser, ømme og varlege, men også kjenslefulle med både hat og kjærleik. Det vart sterke tolkingar og eldfull lidenskap som publikum levde med i, ei oppleving som langt fleire burde fått med seg.
Los Osos Polares består av songarinna Ingrid Nyhus, Rannveig Ryeng, fiolin, Asbjørg Ryeng, bandoneon, Håkon Magne Skogstad, piano, og Ole Herman Schøyen Sjølin på bass.

