Lokalsport

Bilbingo med verdfulle premiar

Søndag 25. august blir det bilbingo på Hellesylt med fotballgruppa som arrangør for fyrste gong. Dei håper det blir tett mellom bilane på Hellesylt stadion denne dagen.

Fotballgruppa hadde alt klart for ei nysatsing med bilbingo under Sommardagar på Hellesylt tidlegare i år. Men eit tettpakka festivalprogram gjorde at sjansen for bingospelarar til å vinne flotte gevinstar vart utsett.
25. august blir det spela bilbingo på Hellesylt stadion, for fyrste gong. Steinar Hjelle i arrangørstaben fortel om reglane for spelet.
-På stadion vil speekeranlegget bli nytta til å lese opp bingotala. Deltakarane kan parkere og opphalde seg i bilen sin, sete på tribuna eller inne på klubbhuset. Når nokon har fått bingo, anten en-rader, to-rader eller tre-rader gjeld det om å gje lyd frå seg, anten med å tute i bilfløyta eller på andre måtar. Vakter vil gå rundt og kontrollere tala.

Det er store og verdfulle premiar fotballgruppa har å dele ut fortel Steinar Hjelle. Det kan spelast om to turar med Color Line frå Kristiansand til Danmark, kvar tur for fem personar, middag for fire på Peer Gynt Galleriet, søndagslunch på hotell Alexandra, og andre verdfulle gåver frå Ekornes, Sparebanken Møre, Stranda Hotell, Pitings, Stranda Blomster, Ålesund oljeklede, Ole Ringdal a/s og fleire.

I Stryn har dei spela bilbingo fleire gonger. På Hellesylt blir det arrangert for fyrste gong søndag 25. august frå kl. 16.00.
Hjelle håper på mykje fløyting og andre lydar etter som vinnartale blir lese opp.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380