Damelaget ”banka” FK Sykkylven

Sunnylven/Stranda var klart best etter 90 minutt i damekampen mot FK Sykkylven torsdag. Sluttresultatet vart 7-0 til dei raude og blå.

Damelaget Sunnylven/Stranda har hatt ein flott start på haustsesongen. Torsdag heldt sigersrekka fram med kalassiffer 7-0 over FK Sykkylven etter 2-0 ved pause.

Laget har ein stor og god spelarstall. Heile 18 spelarar vart nytta i oppgjøret som gjekk på gras på Dalemyra stadion i Velledalen, og alle leverte med stor innsats og godt samspel.

Sunnylven/Stranda opna best, men etter kvart kom også FK Sykkylven i gong og hadde eit visst trykk på gjestane, men utan store sjansar til mål. Det var gjestane som laga nettsus i Velledalen denne kvelden.
25. minutt ut i kampen stod det 1-0 til Sunnylven/Stranda ved Kirsti Frøysadal Hauge, og i det 44. minutt donka Maria Berge inn 2-0 på frispark frå 40. meters hald.
Sunnylven/Stranda vart snytt for eit soleklart straffespark etter halvtimen då ballen vart fanga med handa av ein spelar frå FKS. Med 2-0 til gjestane gjekk laga til pause.

Målfest
Andre omgang vart ein målfest for dei raude/blå på den tunge bana i Velledalen.
Etter 73. minutt vart Kirsti sparka ned i feltet og Maria Berge skåra sikkert på straffespark.
To minutt seinare var det Kristina Hagen som ordna 4-0, og 5-0 kom ved Jannicke Gjrede etter 85. minutt.
Så vart det 6-0 ved Kirsti Frøysadal Hauge etter 88. minutt, og heilt på slutten fastsette Jannicke Gjerde ein solid og fortent siger til 7-0 i siste speleminutt.

Det var ein god kamp av Sunnylven/Stranda. Den gjekk på ei tung grasbane, eit uvant underlag for gjestane som hadde førebudd seg på det med ekstra trening på gras på Stranda.
No ventar Spjelkavik på Hellesylt stadion onsdag 28. august. Bortemøtet i vår enda med tap 3-0, eit resultat laget har lyst til å rette opp.

Damer 3. div.
FK Sykkylven – Sunnylven/Stranda 0-7 (0-2)
Mål Sunnylven/Stranda:
Kirsti Frøysadal Hauge 2, Jannicke Gjerde 2, Maria Berge 2, Kristina Hagen 1.

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Kristin Ringdal, May-Helen Hole, Tina Jøsok, Silje Stadheim, Jannicke Gjerde, Anniken Hjellbakk Hole, Lena Gjerde, Birgitte Hagen, Kirsti Frøysadal Hauge, Maria Berge.
Innbyttarar:
Kristina Hagen, Inga Vik, Vilde Hjelle, Linda Vågseter, Hanne Slettebak, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Ivrine Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380