Lokalnytt

Feira rastrygg veg

Desse stod for opning av byggesteg to. Frå venstre Ordførar Jan Ove Tryggestad, Elsa Ljøen, fylkesordførar Jon Aasen, Erling Ljøen og regionvegsjef Ove Nesje.
Desse stod for opning av byggesteg to. Frå venstre Ordførar Jan Ove Tryggestad, Elsa Ljøen, fylkesordførar Jon Aasen, Erling Ljøen og regionvegsjef Ove Nesje.

Både elevar frå Sunnylven skule og fleire titalls andre var på plass og feira då andre byggesteg på rassikring av fylkesveg Røyr – Hellesylt var offisielt opna på Ljøen onsdag 21. august. Ein ny, trygg parsell fylkesveg var fullført.

Mange trassa regn og vind under den offisielle opninga av andre byggesteg av rassikringa på fylkesveg 60. Representantar frå byggeleiing og Vegvesen, politikarar og bygdefolk var til stades. Elevar frå Sunnylven skule stilte med flagg og fargela opninga som foregjekk under nyebrua på Ljøen.

Også Sunnylven skulekorps var på plass og sytte for feiande korpsmusikk, og Kristin Storstein song vakkert ”Reise åleine ” og ”Har du fyr”, akkompagnert av Gunnar Inge Eide.
Ein merkedag innan samferdsle i Sunnylven og Stranda kommune vart markert på behørleg vis.

Ein viktig veg
Viktigheita av den nye, trygge vegen vart også understreka av fleire frå talarstolen. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad ville glede seg saman med alle andre som brukar vegen. No ville elevane ved Sunnylven skule også få ein trygg skuleveg til Stranda og det var han glad for.
Og fylkesveg 60 var indre koridor, ein viktig veg for langt fleire enn dei som bur i nærområdet, sa ordføraren som trekte fram fire som burde få ekstra takk på ein slik dag, tidlegare ordførar i Stranda, Frank Sve, tidlegare og noverande fylkesordførarar Olav Bratland og Jon Aasen, og leiar i samferdselskomiteen i fylket Oddbjørn Vatne.

Ordførar Tryggestad kunne også kome med ei gla`melding om at det no var løyvd nye 340 mill. kroner til det siste byggesteget. Det utløyste stor applaus mellom dei frammøtte.

Startar på Ljøtunnelen
Fungerande regionvegsjef, Ove Nesje kom med nokre tal kring vegen. Den var blitt 13 mill. kroner rimelegare enn anslaget på 263 mill. Lokal byggeleiing på Hellesylt hadde vore Oddbjørn Plassen, Kristen Leganger og Arne Ola Stavseng.
135000 timeverk hade blitt utført, utan større ulykker eller alvorlege skader.
Andre byggesteg på fylkesveg 60 Røyr – Hellesylt består av lengting av Streketunnelen mot Ljøen med nye 1850 meter.
På Ljøen har det blitt 350 meter med ny veg og ei ny 57 meter lang bru over Ljøelva. I tillegg eit stort og flott utforma utkikspunkt mot Verdsarvområdet og dei tre fjordane, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Storfjorden. Under opninga segla det både ferje, hurtigrute og eit cruiseskip forbi.
Det er laga rasvollar på Røyr og Herdalen av masse frå tunnelsprenginga.
I september vil arbeidet med forskjering på den nye Ljøtunnelen starte, sa Nesje.

Klipte med sauesaks
Fylkesveg 60 har høg prioritet i fylket, sa fylkesordførar Jon Aasen som minte om at mest kvar vinter etter at vegen kom i 1962 har den vore stengd av snøras. No blir det ein sikker veg, sa han.
Aasen fortalde at han ofte nytta vegen til og frå heimbygda Vanylven. Ikkje fordi det var kortaste veg, men fordi det var eit vakkert område å reise gjennom.
Den offisielle opninga stod fylkesordføraren for saman med ordførar Jan Ove Tryggestad og Elsa og Erling Ljøen. Reiskapen til å klippe silkesnora var ei heimesmidd sauesaks, den same som vart nytta ved opning av byggesteg en.

Andre byggesteg i rassikringa med tunnel og utkikspunkt har blitt eit flott anlegg, eit ”postkort” i betong, stein og asfalt. Å lage det flottare, sprengt ut i fjellet kan vankeleg gjerast.

Ordførar Jan Ove Tryggestad og Arild Fugelset som leia programmet.
Ordførar Jan Ove Tryggestad og Arild Fugelset som leia programmet.
Regionvegsjef Nesje til høgre fekk blomar av fylkesordføraren, men gav dei vidare til byggeleiinga ved Arne Ola Stavseng.
Regionvegsjef Nesje til høgre fekk blomar av fylkesordføraren, men gav dei vidare til byggeleiinga ved Arne Ola Stavseng.
Mange tok del i opninga av den nye fylkesvegparsellen, som fann stad under den nye Ljøbrua.
Mange tok del i opninga av den nye fylkesvegparsellen, som fann stad under den nye Ljøbrua.
Elevar frå Sunnylven skule og Sunnylven skulekorps var også med på opninga.
Elevar frå Sunnylven skule og Sunnylven skulekorps var også med på opninga.
Kristin Storstein begeistra menge med vakker song og med Gunnar Inge Eide på tangentinstrument.
Kristin Storstein begeistra menge med vakker song og med Gunnar Inge Eide på tangentinstrument.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380