Klubbens dag 7. september

Midt i avslutninga på fotballsesongen har fotballgruppa i Sunnylven IL tid til også andre aktivitetar. Laurdag 7. september arrangerer dei Klubbens dag.
På Hellesylt stadion blir det stor aktivitet 7. september. Då inviterer fotballeiinga til eit nytt arrangement, nemleg Klubbens dag.
Rundt 75 unge fotballgutar og jenter får vere med på variert aktivitet der spelarar frå dei to seniorlaga skal vere instruktørar og rettleiarar.
Alt blir lagt opp som leik og moro, fortel to i planleggingskomiteen, Kirsti Frøysadal Hauge og Steinar Hjelle.
Det er ikkje spørsmål om å prestere best, men å delta mest og ha det kjekt, seier dei to.
Dei håper at også foreldre møter opp, for denne dagen kan alle innta laurdagsmiddagen på stadion. Der blir det både grilling og open kiosk.
Både Kirsti og Steinar er spente på responsen. Klubbens dag er ikkje arrangert før, men no ynskjer fotballgruppa å prøve.
Fleire sponsorar, både Sparebanken Møre og Ole Ringdal a/s tek del og støttar arrangementet 7. september, ein dag som var fri for fotballkampar for klubben sine lag. Det heile startar kl. 10.00 og varer i omlag fem timar.