Lokalsport

Målfattig toppkamp

Sunnylven/Stranda vann 1-0 over Spjelkavik på Hellesylt stadion onsdag og fekk sin revansj for tapet i våroppgjøret.
Sunnylven/Stranda vann 1-0 over Spjelkavik på Hellesylt stadion onsdag og fekk sin revansj for tapet i våroppgjøret.

Toppoppgjøret i 3. div. kvinner mellom Sunnylven/Stranda og Spjelkavik vart målfattig. Det vart med Birgitte Sve Hagen sitt susande langskot midt i andre omgang som gav heimesiger 1-0.

Fulltreffaren til Birgitte Sve Hagen vart einaste skåring då Sunnylven/Stranda og Spjelkavik møttest på Hellesylt stadion onsdag kveld. Oppgjøret vart aldri ein god kamp, det såg ut som begge lag frykta å tape oppgjøret.

Før kampen var dei to laga naboar på tabellen med heimelaget på tredje og gjestane på fjerde plass. Birgitte Sve Hagen si skåring sende Sunnylven/Stranda til tabelltopp, men med to kampar meir spela enn Volda.

Det beste laget fekk alle poenga og kunne ha skåra fleire mål med litt hell. Stangskot og fleire opne sjansar åleine med gjestane sin burvaktar vart registrert som uflaks utan resultat.
I fyrste omgang var Lillian Aasheim i heimemålet knappast nær ballen, det meste av spelet foregjekk på Spjelkavik sin banedel. Men laget hadde eit godt og sikkert forsvar som rydda godt unna alle angrep frå Sunnylven/Stranda. Framover var derimot gjestane tamme denne kvelden, berre heilt mot slutten av kampen var det litt trøkk på heimeforsvaret.

Heller ikkje Sunnylven/Stranda spela sin beste kamp denne kvelden sjølv om bane og forhold var ypperlege på Hellesylt stadion. Kring tretti på tribuna fekk sjå ein litt tam og uinspirert fotballkamp og med ein del feiladresserte pasningar.
Sigeren var likevel fortent, det var beste laget som vann der vi deler ut ekstra pluss til Tina Jøsok og Anniken Hjellbakk Hole.

3. divisjon kvinner.
Sunnylven/Stranda – Spjelkavik 1-0 (0-0)
Mål Sunnylven/Stranda: Birgitte Sve Hagen, (70)
Domar: Svein-Ole Sørensen, VRF.

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Kristin Ringdal, Tina Jøsok, May-Helen Hole, Silje Stadheim, Jannicke Gjerde, Anniken Hjellbakk Hole, Maria Berge, Birgitte Sve Hagen, Inga Elise Vik, Kirsti Frøysadal Hauge.

Innbyttarar:
Linda Vågseter Bjørdal, Vilde Hjelle, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Julianne Lundanes, Ivrine Tryggestad, Hanne Slettebak, Amalie Birkhol.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380