Lokalnytt

Minneverdig om Arnfinn Haram

Sopran Ann-Helen Moen imponerte under Haram-kvelden i Peer Gynt Galleriet. Til høgre Bergmund Skaslien.
Sopran Ann-Helen Moen imponerte under Haram-kvelden i Peer Gynt Galleriet. Til høgre Bergmund Skaslien.

Torsdag kveld var det førpremiere på ”I forsommarens fang” i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt, ein presentasjon av til no ukjente tekstar og poesi etter pater Arnfinn Haram som døde i 2012.

Pater Arnfinn Haram med slektsrøter frå Stranda døydde brått og uventa i 2012. Den dyktige skribenten og samfunnsdebatanten etterlet seg ei samling poesi i nynorsk språkdrakt. Det har blitt til forestillinga ”I forsommarens fang”.
Ukjent skrifteleg materiale
Det er komponist Odd Johan Overøye frå Stordal ved Kyrkjehola Kulturbeite som har vore prosjektleiar og sett saman forestillinga. Arnfinn Haram skulle gjeste Stordal, men døydde like før. Men så fann Overøye mykje skriftleg materiale på bloggen til Haram, både dikt og anna ukjent poesi. Mykje av dette, som også kjem ut i bokform i haust, har Odd Johan Overøye komponert musikk til i ei form som er kledeleg for tekstane.
Eit talrikt publikum fekk ei flott og minneverdig oppleving gjennom forestillinga i Peer Gynt Galleriet, ein heider til mannen som gjekk frå prestegjerning til domunikaner i munkekappe.

Ei kulturell oppleving
Fleire profesjonelle song og musikkrefter var med under framføringa som vart ei ny stor kulturell oppleving. Sopran Ann-Helen Moen frå Molde, utdanna ved Griegakademiet og med opptredener på fleire utanlandaske scener, imponerte stort. Ei utruleg vakker songrøyst som formidla songen høgt og lavt på toneskalaen, kraftfullt, men også varleg. Og med dyktige musikarar i Bergmund Skaslien på bratsj, Martin Høgberg på gitar og Odd Johan Overøye på piano, viste kunstgalleriet seg også som eit godt konsertlokale.

Trange buforhold
Ingebrigt Huse Austnes var forteljar og batt forestillinga saman med historier frå kjennskapet med Arnfinn Haram. Dei møttest i 1968 og hadde kontakt livet ut.
Austnes fortalde om samværet i Oslo, om sambuarskap på ein hybel på seks kvadaratmeter. Sjølv om plassen var liten vart Haram buande der i fleire veker. Han hadde ikkje anna husrom.
Kvar morgon vart dei vekte av ein annan sunnmøring, Per Jarle Hellevik som ropa; ”No må den norske kyrkja vakne”.

Minna etter Haram var mange og gode, ein frittalande og rettskaffen mann, ofte med ein skarp penn i avisspalter
Han var eit uver, ikkje i umoral, men gjennom å inngå avtalar og deltaking i arrangement, sa Austnes.
Guds lausbikkje vart han kalla av enkelte, for det kunne slå gneistar av formuleringane hans. Han framførte sine meiningar usminka, men vart respektert for det. Difor kunne han seie med Ivar Aasen; – Sel var eg at eg kom i gode grender der sanninga ikkje var noko byrd-.

Det var kulturgruppa ved Per Gynt Galleriet som stod for kulturkvelden torsdag. Etter forestillinga fekk aktørane blomar av arrangøren og medlem i kulturgruppa, Kari Hauso Stadheim takka for ei minnerik oppleving. Ho hadde møtt Arnfinn i ulike samanhengar. Møta var fylt av alvor og humor, glede og latter, sa ho og la til; Det var eit menneske med eit stort hjarte.

Kari Hauso Stadheim frå kulturgruppa ved Peer Gynt Galleriet takka aktørane for ei flott framsyning. Frå høgre Ann-Helen Moen, Odd Johan Overøye, Ingebrigt Huse Austnes.
Kari Hauso Stadheim frå kulturgruppa ved Peer Gynt Galleriet takka aktørane for ei flott framsyning. Frå høgre Ann-Helen Moen, Odd Johan Overøye, Ingebrigt Huse Austnes.
Under 150-års jubileet for Sunnylven kyrkje i 2009 heldt Arnfinn Haram preika på staden for gamlekyrkja på Korsbrekke.
Under 150-års jubileet for Sunnylven kyrkje i 2009 heldt Arnfinn Haram preika på staden for gamlekyrkja på Korsbrekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380