Lokalnytt

Ny konsertperle

Berit Sørensen og Eyvind Sommerfeldt i Sunnylven kyrkje.
Berit Sørensen og Eyvind Sommerfeldt i Sunnylven kyrkje.

Profesjonelle musikarar i Sunnylven kyrkje blir alltid ei ugløymeleg oppleving. Fredag vart ein ny kveld for minneboka.

Sunnylven kyrkje har bydd på fleire store song og musikkveldar denne sommaren. Her har publikum opplevd toneprakt som har begeistra, slik det gjorde fredag kveld.

Konserten med Berit Sørensen på horn og Eyvind Sommerfeldt på trombone vart ei ny stor oppleving. Og med dyktige Carolin Eide og Gunnar Inge Eide på orgel og piano føyer det heile seg inn i rekka av flotte sommarminne frå Sunnylven kyrkje.

Diverre var frammøte alt for lite. Berre rundt 30 personar fekk oppleve timen med noko av det beste frå profesjonelle utøvarar.
Berit Sørensen er frå Danmark og har hatt jobbar både i symfoniorkester og operaorkester i nordiske land. Ho har også gått til topps i fleire prestisjefylte musikkonkurransar.
Eyvind Sommerfeldt kjem frå Ellingsøy og har tidlegare musikkbakgrunn frå ungdomsbandet Big Odd Band.
Med diplomeksamen frå Norges musikkhøgskole har jobbtilboda vore mange nok, både heime og ute.

Kantor Carolin Eide og Gunnar Inge Eide, til dagleg ved kulturskulen i Stranda fortalde om musikken som vart framført og akkompagnerte til. Det var verk av mellom anna Shumann, Mozart og svenske Hugo Alfven. Også nokre jazzinspirerte låtar stod på repertoaret.
Det vart ein konsert med svært dyktige musikarar, ein kveld høgt på lista over sterke musikkopplevingar frå i sommar.

Sørensen og Sommerfeldt er på ferie og konserten på Hellesylt var den einaste på Sunnmøre i sommar.
Vikarprest i Sunnylven og Geiranger, Morgan Berg takka for den flotte konserten og overrakte blomar til dei fire.

-
-
Frå venstre: Gunnar Inge Eide, Carolin Eide, Berit Sørensen, Eyvind Sommerfeldt.
Frå venstre: Gunnar Inge Eide, Carolin Eide, Berit Sørensen, Eyvind Sommerfeldt.
Vikarprest Morgan Berg takka for konserten og delte ut blomar til aktørane.
Vikarprest Morgan Berg takka for konserten og delte ut blomar til aktørane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380