Lokalnytt

Opna ”nyehuset”

Sentrale personar i Hellesylt Bygdetun søndag. Frå venstre ordførar Jan Ove Tryggestad, styreleiar Harald Sørheim, Bjørg Øie og Ingebjørg Sårheim Fivelstad frå Sparebanken Møre.
Sentrale personar i Hellesylt Bygdetun søndag. Frå venstre ordførar Jan Ove Tryggestad, styreleiar Harald Sørheim, Bjørg Øie og Ingebjørg Sårheim Fivelstad frå Sparebanken Møre.

Det var trangt om plassen i nyehuset i Hellesylt Bygdetun då det vart offisielt opna etter ombygging søndag 25. august. Mellom 40 og 50 personar var til stades.

Styreleiar i stiftinga for Hellesylt Bygdetun, Harald Sørheim stod for den offisielle opninga etter renoveringa av fyrste etasje.

-Her er ikkje plass til snor og snorklipping, sa Sørheim, men erklærar like fullt nyehuset for opna for bruk og ønska at det måtte vere til glede for alle brukarar i framtida.

Styreleiaren hadde sett saman eit attersyn om kring nyehuset i Bygdetunet, basert på notat etter mangeårig eldsjel for kulturskatten i Lillegjerdet ved Ringdal, Karl Johan Øie.
Restaureringa har kosta i overkant av 620.000.- kroner med nytt tak, vatn og avløp måling utvendig og kledning på alle rom i fyrste etasje. No ventar nye vindauge i kjellaren, og på sikt oppussing av loftsromma.

Utan hjelp frå Venneforeninga og inntekter frå utbygging av Ringdal Kraftverk hadde det ikkje gått, sa Sørheim som rosa syskena som gav den store gåva saman med ein stor pengesum til Stranda kommune.
-Holen-syskena var utruleg rause. Dei sparte og spanderte lite på seg sjølve, men gav frå seg ei stor kulturgåve.

Dagleg leiar Marit Ljøen fortalde om drifta ved Bygdetundet. Det har vore ope for publikum kvar måndag, men besøkstala har vore lave.
-Når vi har fått ei slik gåve synest eg det er viktig at vi brukar den, sa ho mellom anna og utfordra både skulen og barnehagen til å kome innom.

Frå Stranda kommune helsa ordførar Jan Ove Tryggestad og overrekte blomar til Bygdetunet ved styreleiar. For fleire år sidan var han og fleire med på ein del reparasjonsarbeid, mellom anna taket på løa.
-Det meste var litt skeift så ein innleigd som rettleia i arbeidet, bad oss legge igjen vateren i bilen, her var slike reiskap overflødige, sa Tryggestad.
Ingebjørg Sårheim Fivelstad helsa frå Sparebanken Møre og kom med bevis på ei flott gåve på 25.000.- kroner frå banken.

Det var Odd Jostein Bjørdal som leia festprogrammet der unge Maria Langeland underhelst med vakker song til eige gitarakkompagnement.
Etter opninga var det sal av kaffi og sveler og omvising i det gamle huset i Hellesylt Bygdetun.

Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa frå Stranda kommune. I bakgrunnen styreleiar Harald Sørheim.
Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa frå Stranda kommune. I bakgrunnen styreleiar Harald Sørheim.
Unge Maria Langeland song vakkertfleire songar, mellom anne "Tidt eg minnast ein gamal gard" av Ivar Aasen.
Unge Maria Langeland song vakkertfleire songar, mellom anne «Tidt eg minnast ein gamal gard» av Ivar Aasen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380