Solid av Sunnylven/Stranda

Bergsøy var sjanselause på poeng då dei møtte Sunnylven/Stranda på Stranda stadion onsdag. Sigeren for heimelaget vart på 4-0, men kunne ha vore enno større.

Sunnylven/Stranda dominerte heile kampen på Stranda stadion då haustsesongen i 3. div. damer vart sparka i gong mot Bergsøy onsdag kveld.

Trenar Hans Hole mangla fleire faste på laget som framleis var på reise, men erstattarane gjorde jobben. At det stod berre 1-0 ved pause var ikkje eit rett bilde av spel og sjansar.

Alt etter fire minutt kom leiarmålet. Lena Gjerde fanga opp ein retur og skåra sikkert.
Det mangla litt på gnisten i denne omgangen sjølv om det small både i målgrinda og ballen susa forbi på utsida for heimelaget. Gjestane frå Bergsøy slapp med 1-0 til pause.

I andre omgang starta det som i fyrste, for etter 49. minutt kom mål to. Det ordna målmaskina i laget, Kirsti Frøysadal Hauge. Og det skulle bli fleire. Etter 55. minutt stod det 3-0 ved Kirsti der ho runda keeper og plasserte ballen trygt i nota.
Sluttresultatet fastsette innbyttar Anne Grete Kjellstadli Langleite då ho skåra sitt aller fyrste mål for laget etter 70. minutt.

-Vi hadde full kontroll kampen sett under eitt. Lillian Aasheim vart ikkje sett på store prøver i denne kampen, til det var ”krutet” for dårleg hos gjestane.
Gode på heimelaget denne gongen var May-Helen Hole, Eline Langlo og Anniken Hjellbakk Hole, sa trenar Hole.
Til kampen mot FK Sykkylven torsdag får han tilbake fleire, mellom dei solide Tina Jøsok. Kampen går på bortebane, men så blir det fleire storoppgjør på Hellesylt stadion mot både Herd, Volda og Spjelkavik.
Ein spandande haust med damelaget er i vente.

Sunnylven/Stranda – Bergsøy: 4-0 (1-0)
Mål Sunnylven/Stranda: Lena Gjerde 4, Kirsti Frøysadal Hauge 49, 55, Anne Grete Kjellstadli Langleite 70.

Sunnylven/Stranda stilte dette laget:
Lillian Aasheim, Silje Stadheim, May-Helen Hole, Eline Langlo, Kristin Ringdal, Jannicke Gjerde, Anniken Hjellbakk Hole, Lena Gjerde, Vilde Hjelle, Hanne Slettebakk, Kirsti Frøysadal Hauge.

Nytta innbyttarar: Anne Lise Lødøen Helset, Ivrine Tryggestad, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Hanne Vangen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380