
Det var ein vakker sommardag på Flofjellet og med bra frammøte då den årlege gudstenesta mellom kyrkjelydane i Stryn og Sunnylven vart avvikla søndag. Pestevikar Morgan Berg heldt preika.
Vi talde kring 25 to-beinte på stemneplassen oppe på fjellet, og nokre folkekjære firbeinte.
Etter salmesong og skriftlesing heldt Morgan Berg preika.
Berg tok utgangspunkt i ein fjelltur han hadde gjort i Sunnylven nyleg saman med vener.
Turen gjekk frå Hole, om Helsetkopen, Nokkenibba og tilbake til Hellebostad.
Under vegs kom dei ut for eit dundrande torever. Mørke tordenskyer kom fort medan dei var på høgste snaufjellet. Det lyna og dundra kring dei, fortalde Berg. Han var livredd. Mange bøner gjekk oppover, men tordenveret varte ved lenge.
Men alle kom uskada heim frå fjellturen. Kanskje vart han bønhøyrt likevel, meinte Berg.
Gudstenesta på Flofjellet vart avslutta med fedrelandssalmen ”Fagert er landet”.
