Lokalnytt

Web-kamera i drift igjen

doc_3655_2

Frå 12. til 26. august var web-kamera på nettstaden hellesylt.no. ute avdrift. Det førte til mange henvendelsar frå både inn og utland.

Måndag 26. august vart problema som oppstad med web-kamera på hellesylt.no løyste. I følgje eigaren hadde eitt av kamera gått ”bananas” og leverte bilde kvart femte sekund. Det førte til at serveren vart blokkert og dermed kunne den ikkje levere bilder frå andre kamera i systemet heller.

No skal alt vere i orden.

At web-kamera på hellesylt.no var nede førte til fleire henvendelsar på e-post frå inn og utland. Truleg kom det kring 10 – 12 i løpet av fjorten dagar.
Mange hadde vore på Hellesylt på ferie og tykte det var fint å få sjå korleis livet gjekk i tettstaden også etterpå, andre tenkte seg til Hellesylt på ferie og bilda fortalde meir om veret enn vermeldinga.

Det store ønskjet frå alle var at feilen måte bli utbetra snarast råd.
Det har eigaren Sunnmørsposten no fått ordna, noko mange er glade for.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380