
Årsavslutning for aldersbestemte lag i Sunnylven Fotball blir søndag 3. november kl. 14.00 på Sunnylven samfunnshus.
Årsfesten for aldersbestemte lag føl det tradisjonelle opplegget. Søndag 3. november inviterer fotballgruppa til bingo med premiefest. I pausen på bingoen blir det premiering av 75 spelarar på åtte lag.
I tillegg til flotte fotballpremiar får alle spelarar gratis brus og pølser. Det blir kiosksal for andre.
Minnepokal
Eit høgdepunkt under årsfesten blir utdeling av Rasmus Matvik`s minnepokal. Den blir i år utdelt for ellevte gong og går til ein spelar etter loddtrekking mellom spelarar som trenarane har nominert. Kven dette blir er ikkje kjent enno.
Takkar tillitsvalde
Fotballgruppa vil også i år gjere litt stas på dei mange tillitsvalde, trenarar og oppmenn i klubben. Onsdag 30. oktober blir alle invitert til hyggekveld på Øcal Pizzabar og påspandert diverse bevertning.
Fotballgruppa hadde eit liknande opplegg i fjor og som dei inviterte sette pris på.