For smakssansar på Villa Norangdal

doc_3690_2-villa-norangdal

Fredag kveld blir det kveld for nytarar av god mat og sjeldne øltyper ved Villa Norangdal. Kanskje blir det også litt song til serveringa.

-Det er øl-kelner Geir Holmen frå Balsnes Gard som tek med seg spennandes øltyper som ein skal få smake og lære meir om,
Vår kokk Priit Koppel vil komponere ein tre-retters meny og Geir Holmen skal sette ulike øl-typer til, fortel Randi Sæter ved Villa Norangdal.

Geir Holmen og kona Terese driv eit lite, flott hotell på Nordfjordeid med kun fire unike rom.
Han er og direktør på operaen på Eid og det er ikkje umulig at det vert litt sang til maten og, for det kan han, seier Randi Sæter.

-Vi håper at dette er noko som kan fenge mange, slik at dei har lyst å prøve ut kva Villa Norangdal har å by på ein slik kveld

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380