Kjetil Grodås til fotballfesten

Kjetil Grodås under eit tidlegre arrangement i Peer Gynt Galleriet.

Kjetil Grodås under eit tidlegre arrangement i Peer Gynt Galleriet.

Det blir Ketil Grodås som spelar under fotballfesten for seniolaga til Stranda og Sunnylven på Peer Gynt Galleriet laurdag 9. november.

Tidlegare i haust var Kjetil Grodås og bandet The Mansfield Band i Nebraska USA og underheldt med Elton John-låtar på Tribute-konsert.

Det vart ein knallsuksess for Elton John-kopien og dei fire i bandet.
-Ei stor oppleving, det tok berre heilt av på slutten, fortalde Kjetil Grodås til avisa Fjordingen etter at dei alle var vel heime i gamlelandet igjen.

Til Hellesylt og avslutningsfesten for seniorlaga i Stranda og Sunnylven kjem Ketil Grodås åleine.
Truleg kan vi forvente topp stemning, for artisten er i tillegg til si unike songrøyst ein god musikar på tangentinstrument.

Hornindal sin Elton John spelar mykje av den ekte, prisbehengte engelske artisten, men også anna flott musikk til underhaldning og dans.

Avslutningsfesten på Peer Gynt Galleriet 9. november blir open for andre enn medlemer av fotballfamilien i dei to klubbane etter kl. 22.00, får vi opplyst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380