Klubbens dag, eit flott tiltak

doc_3673_2

Sunnylven Fotball sitt arrangement Klubbens dag vart ein suksess med stort frammøte av born og vaksne. Hellesylt stadion var som ei maurtue på ein fin sommardag.

Det var fullklaff med både ver, frammøte og aktivitetar då fotballgruppa arrangerte Klubbens dag for aller fyrste gong. 64 born og kring 25 vaksne leiarar møtte til ulike aktivitetar og sosialt samvær. Alle fekk seg gensarar, dei unge blå og dei vaksne i orange farge med tekst på ryggen; ” Sunnylven IL, klubbens dag 2013, Fair Play, Hellesylt”.

Det var lagt opp til fleire aktivitetar og mykje speling med ball, men også tid til ein god lunsj. 14-15 brød gjekk med og i tillegg godt og sunt pålegg som kvitost, syltetøy og kjøttpålegg.

Sunnmøre Fotballkrets var representert med styremedlem Solveig Tøsse. Ho snakka om dette med Fair Play, noko som ikkje var så kjent mellom dei unge, å vise respekt for kvarandre på bana, domar og andre leiarar. Ho hadde også med diverse effektar og luer som ho delte ut.
Klubbens dag var blitt arrangert av andre klubbar, men langt frå eit fast årleg innslag, sa ho. Ho tykte Sunnylven IL hadde laga eit triveleg opplegg på Hellesylt stadion.

Solveig Tøsse frå styret i Sunnmøre Fotballkrets informerer om Fair Play.

Solveig Tøsse frå styret i Sunnmøre Fotballkrets informerer om Fair Play.

God lunsj på tribuna på stadion.

God lunsj på tribuna på stadion.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380