Klubbens dag og fotballkampen

Som eitt av dei siste innslaga under Kubbens dag var fotballkampen mellom born og leiarar på fullbane.
Det var utradisjonell laginndeling då born og leiarar kjempa om best av unge og eldre i fotball på stadion laurdag. Vi talde kring 35 på laget til dei blå og vel 20 hos dei orange.
Domar Tor Odd Kjellstadli bles i gong og dermed starta jakta etter den raude ballen som skulle lage nettsus.
Kampen bar preg av litt møljespel må vi vel kunne kalle det, men med velmeinande rop og innspel frå mange. Alle ville ha ballen for å skåre mål. Til tider såg det litt vilt ut, men det var etter Fair Play likevel.
Halvvegs i den 20. minutt lange kampen kom eit stormangrep frå dei blå. Heile laget fossa fram på orange halvdel, små, ivrige ballsparkarar trokla seg fra mellom store, litt mindre ”propellaktive” motstandarar.
Og det nærma seg mål, tidlegare stopparkjempe på Sunnylven, Knut Dag Langeland gjorde eit heilhjarta forsøk på å stoppe ein Ronaldo, eller var det Zlatan, men forgjeves.
I mål stod tidlegare toppkeeper til Sunnylven, Rolf Fivelstad. Ikkje han heller kunne gjere stort, ballen fauk i nota til 1-0 for dei unge blå. Det vekte jubel på stadion.
Men så var det dette med å halde på leiinga. Det gjekk ikkje, dei blå var litt for lystne på ny skåring og gløymde forsvarsspelet. Dermed kom eit mål i mot, dei orange utlikna og 1-1 vart sluttresultatet.
Ein kamp med fart og nerve, men lettdømt for domar Kjellstadli som ikkje vist eit einaste kort med haustfargar av noko slag.
Til aller sist var det Fair Play og takk for kampen frå alle til alle.
Etter den spanande «hovedkampen» møttest dei eldste deltakarane og leiarane, ein kamp dei unge vann 2-0. Då hadde Klubbens dag vart i fem timar.
At Hellesylt stadion betyr mykje viste Klubbens dag til fulle. Stadion var ein stor tumleplass med mykje lyd og latter, for liv i berre sorglaus glede.