Lurte jubileumsbukken med buring

Ole Johnny Brekke saman med sitt jakttrofe nummer hundre på Frøysa.

Ole Johnny Brekke saman med sitt jakttrofe nummer hundre på Frøysa.

Ole Johnny Brekke er ein av fleire som driv hjortejakt i Frøysa Jaktlag. Fredag skaut den unge jægeren sin hjort nummer hundre.

Ole Johnny Brekke har felt seks hjortar så langt i år, men har mange fleire frå tidlegare.

Fredag jakta han på hjortedyr nummer hundre i området Vollberget på Frøysaflata.
Han hadde bestemt seg for at jubileumsdyret skulle vere ein kronhjort og helst av det ”vaksne” slaget.

Denne morgonen fekk han sjå mange dyr, både kolle og kalvar og som han let passere, men storebukken med det ”buskete” geviret venta med å dukke fram.

-Eg låg der og venta og laga burelydar som eg veit kronhjorten blir nyfiken på. Og litt over halv sju kom han på sin siste løpetur i lette elegante byks, truleg for å finne det han trudde var ein konkurrent og jage den vekk.
Det var ein sværing, eit flott eksemplar så det var berre å sikte og trykke av. Hjorten gjekk i bakken på fyrste og velretta skotet som gjekk inn i bogen.
Kronhjorten hadde ti taggar og vekta synte vel 130 kilo, fortel Ole Johhny Brekke som dermed fekk det han var ute etter, ein flott kronhjort som dyr nummer hundre.

Han fortel at geviret skal bli del av ei stor samling hjortegevir, men det blir ikkje det største og mest ”buskete”. For to år sidan skaut han ein kronhjort på 162 kilo med tolv taggar i geviret. Det er den største som har stubba for kuler på Frøysa nokon gong.

Jubileumsdyret til Ole Johnny var ein flott hjorteskrott som grunneigarane på Frøysa skulle skjere ned til steiker, biff og til kjøttdeig og dele mellom seg.
Dette var hjort nummer 21 av 25 løyver i år og enno var ikkje september omme, så jakta held fram.

På Frøysa som mange andre stader er det mykje dyr med flokkar opp til 35 som no beiter på ettervekst av hoslåtten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380