Lokalnytt

Mange besøkte Stemmerettskaféen.

 

I 1913 vart det allmenn stemmerett i Norge, eit vedtak som har blitt markert over heile landet frå juni i sommar.

Sist laurdag inviterte Sunnylven sanitetslag til markering av hundre år med allmenn stemmerett i landet. Stemmerettskaféen på Peer Gynt Galleriet var ein invitasjon til alle til å vere med å markere jubileet, men også ei påminning om at det er viktig å bruke retten alle har fått til å delta i val, seier styret i sanitetslaget.

Nær 60 personar besøkt kaféen der det var høve til å kjøpe kaffi, kaker og vaflar. Og praten mellom dei frammøtte gjekk heile tida om fleire tema. Naturleg nok vart stortingsvalet debatert, men vi fekk oss fortalt at også andre meir jordnære ting som veret, hjortejakt, sauesanking og rørleggar hadde vore samtaleemne.

Vertskapet Sunnylven sanitetslag oppfordre alle om å bruke stemmeretten sin ved val. Slik kan ein påverke både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, meinar styret i Sunnylven sanitetslag som hadde ei vellukka markering av hundre års jubileet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380