I Sunnylven har det blitt tradisjon at sanitetslag og idrettslag arrangerer kort trimtur i og kring Hellesylt sentrum i veke 39 som er sanitetens veke.
Alle foto: Privat.
Sist torsdag samlast over 30 unge og eldre ved Hellesylt bro for å gå ruta til trimposten ved Shell-kaia på Korsbrekke og tilbake.
Det vart ein trimgjeng på tvers av generasjonane der dei yngste fekk turen i barnevogn og eldste deltakar nærma seg 90 år.
Trimturen vart avslutta ved Sunnylven skule der arrangøren spanderte frukt til alle deltakarane.
Sunnylven sanitetslag hadde også fleire arrangement i denne veka.
På Sunnylven omsorgssenter vart det halde kaffistund for bebuarane onsdag, og på skulen delte laget ut panneband til alle elevar i fyrste klasse.