Nytt skuffande tap

Sunnylven/Stranda 2 gjekk på eit nytt tap på heimebane onsdag. Åmdal stakk med alle poenga etter 4-1 siger.

Det var laber innsats over heimelaget i fyrste omgang på Hellesylt stadion onsdag kveld. Åmdal fekk to lettkjøpte mål skåra av Simon Gjøen og leia 2-0 ved pause.
I andre omgang fekk unge spelarar prøve seg og skapte meir fart på topp hos heimelaget. Etter 60 minutt kom reduseringa til 1-2 ved Trygve Aaland Tryggestad.
Laget hadde fleire gode angrep i denne perioden, men i staden var det gjestane som kontra inn to kjappe mål ved Simon Gjøen og Stein Erik Grevsnes med om lag fem minutt igjen av kampen.
Dermed siger 4-1 til gutane frå ”Vassendbygda”.

Innsatsen frå heimelaget var skuffande då laget har både spelarar og rutine til meir enn det som vart vist onsdag.

Domar Kristian Standal, sportsklubben Rollon var ny på Hellesylt stadion og leverte grei kampleiing.

Sunnylven/Stranda 2:
Joakim Fivelstad, Darius Puljanausk, Henrik Johnsen, Andreas Espelund, Robert Tryggestad, Per Ove Frøysa, Eivind Louis Helset, Bård Forbord, Gunnar Espelund, Trygve Aaland Tryggestad, Ole Arnstein Ringdal.
Innbyttarar:
Leif Rune Tryggestad, Per Johan Tronsen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380