Lokalnytt

Oppstarthelg for korpset

doc_3663_2

Sunnylven skulekorps har starta opp øvingane for eit nytt korpsår. Siste helg var 11 musikarar og ein junior på kik-off samling i Hundeidvik.

På øvingshelga i Hundeidvik deltok også 12 frå Skodje skulekorps. Det vart mykje speling, men også tid til anna moro. Mellom anna fekk fleire prøve cross-køyring i pausane.

Sunnylven skulekorps er i gong etter sommarferien og øver fram mot konsert i oktober, opplyser leiinga.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380