Lokalsport

Poengdeling i toppkamp

 

Sunnylven/Stranda og Volda var like gode på resultattavla på Hellesylt stadion. Då domar Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL bles for full tid stod det 1-1.

Det vart ein kamp med stor innsats, nerve, fart og spaning, men med få mål då Sunnylven/Stranda og Volda møttest i toppoppgjør i 3. divisjon på Hellesylt stadion fredag kveld. Heimelaget skåra fyrst ved Kirsti Frøysadal Hauge og leia 1-0 ved pause, men gjestane i grønt utlikna fire minutt etter kvilen ved Kristine Sætre.

Begge lag hadde Herd framfor seg på tabellen før oppgjøret på Hellesylt stadion. Difor var alle tre poenga viktige i kampen om opprykk ein divisjon. Det vart eitt til kvar.

Volda var eit godt lag, stor fart og teknisk gode med ballen.
Dei opna også best og før fem minutt var gått small det i målstolpen til Lillian Aasheim. Nærare kom ikkje laget frå kulturstaden Volda skåring i denne omgangen, for Sunnylven/Stranda samla seg meisterleg og jobba gjestane nærmast ut av stilen.

På topp for heimelage var Kirsti Frøysadal Hauge ein stadig trusel for gjestane, men raske forsvarsspelarar på Volda-laget gjorde arbeidsforholda for målmaskin vanskeleg. Men etter 25 minutt lobbe ho ballen over heile forsvarsrekka og i mål. Ei flott skåring som eit tjuetalls på tribuna kunne juble for.

At heimelaget kunne gå til pause med leiing skuldast godt forsvarsspel frå fleire. Cristina Hagen, Tina Jøsok og Kristin Ringdal var alle gode og sikre. Også Silje Stadheim spela ein av sine gode kampar, det same gjorde målvakt Lillian Aasheim.

Men det var ikkje ufortjent med heimeleiing ved pause og det var fortjent at Volda fekk si utlikna i andre halvdel. Skotet frå Kristine Sætre var Lillian Aasheim sjanselaus på.

Volda jakta sigersmålet med stor fart og høgt press gjennom heile andre omgang. Det gav rom for kontringar for Sunnylven/Stranda og sjansane til skåring var mange nok sjølv om både Jannicke Gjerde og Kirsti Frøysadal Hauge vart passa godt på. Nærmast var eit skot i tverrstonga.

I flomljoset og flott spelever ebba toppkampen ut med poengdeling, eit resultat som begge lag bør vere nøgde med.

3. div. kvinner.
Sunnylven/Stranda – Volda 1-1 (1-0)
Mål Sunnylven/Stranda: Kirsti Frøysadal Hauge 25.
Mål Volda: Kristine Sætre 49.

Sunnylven/Sranda:
Lillian Aasheim, Kristin Ringdal, Tina Jøsok, Silje Stadheim, Vilde Hjelle, Jannicke Gjerde, Maria Berge, Anniken Hjellbakk Hole, Christina Hagen, Birgitte Sve Hagen, Kirsti Frøysadal Hauge.
Innbyttarar:
Ivrine Tryggestad, Anne Lise Lødøen Helset, Inga Vik, Julianne Lundanes, Kamilla Skog.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380