Presenterte konfirmantane

Ein del av nesete års konfirmantar i Sunnylven, saman med prost Svein Runde.

Ein del av nesete års konfirmantar i Sunnylven, saman med prost Svein Runde.

Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag var neste års konfirmantkull på elleve presentert for kyrkjelyden.

Prost Sein Runde var tilbake i ”gamlekyrkja” og heldt gudsteneste på oppstandelsessøndag.

Ved kyrkjeorgelet gjorde unge Lars Kvam Karbø ein ny, flott musikalsk jobb.

Preika knytte Runde mest mot konfirmantane denne gongen, dei aller fleste hadde han døypt i kyrkja for 14 år sidan.
Ti av elleve konfirmantar var til stades og fekk utdelt ei bok som skal nyttast i førebuinga til konfirmasjon neste vår. Kyrkjelydssekretær Solfrid Blindheim som delte ut skal også ha konfirmasjonsførebuinga ut dette året.

Konfirmantar i Sunnylven til neste vår er:
Emilie Brekke, Stian Frøysa, Ottar Hellebostad, Veronica Janssen, Madelen Selin Frøysadal Hauge, Ole Iver Kjellstad, Olene Lade, Ingeborg Langeland, Rikard Eide Ljøen, Hege Høgalmen Ringdal, Anders Aasen Tryggestad.

Fleire artiklar:

Høgtidsam konfirmasjon i kyrkja.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380