Lokalnytt

Rustar opp veg i Hellebostad-skogen

Den nye skogsvegen blir fire meter brei og får ti tonn akseltrykk.
Den nye skogsvegen blir fire meter brei og får ti tonn akseltrykk.

På Hellebostad i Sunnylven blir det no bygt skogsbilveg for å hente ut store mengder tømmer.

Kring 1950 og 60-talet vart det planta mykje gran i skogen på Hellebostad.

Gjennom ein kommunal skogreisingsplan vart det gjeve tilskot til planting av gran, ikkje furu då den vaks for seint, vart det hevda.

Skogplantinga på Hellebostad gav etter kvart ein flott skog då vekstforhold viste seg å vere gode. No er skogen hogstmoden og mykje av den skal hentast ut.
Difor blir den gamle skogsvegen frå 1951 opprusta. Vegen som er på 1200 meter var berekna for hestedrift, men no rustar dei fem grunneigarane på Hellebostad opp 700 meter til ti tonns akseltrykk. Det blir ein sommarbilveg som utløyser mykje skog, fortel ein av grunneigarane, Olav Hellebostad.

Arbeidet med vegbygginga blir utført av maskinentreprenør Egil Røyrhus og Strømme Fjellsprenging, Stranda og alt har gått etter planen, fortel Hellebostad.
I midten av september reknar han med at hogstmaskina er i sving i skogen. I fyrste omgang skal det takast ut 6-700 kubikkmeter virke, skog som skal gå til skurtømmer.
Her er mange store grantre, fleire på rundt to kubikkmeter og opp til 40 meter høge, så veksforholda må ha vore svært gode.
Ein håper å kunne nytte djupvasskaia på Hellesylt til å skipe tømmeret vidare ut av bygda, seier Hellebostad.

Juleorkanen Dagmar raserte mykje av granskogen i 2011. Det er berekna at rundt 900 kubikkmeter tømmer knakk eller rotvelte i den sterke vinden, Det er skog som må gå til massevirke, men som ikkje blir teke ut i denne omgang, fortel Olav Hellebostad

Den nye skogsvegen på Hellebostad har fått namnet Jølvegen og utløyser 3.500 kubikkmeter skog.

Mykje flott granskog skal hentast ut frå Hellebostad-skogen i haust.
Mykje flott granskog skal hentast ut frå Hellebostad-skogen i haust.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380