Lokalsport

Siger til herrelaget

Endeleg kom ein siger til Sunnylven/Stranda 2 sitt herrelag igjen. På bortebane banka dei Åheim 4-1 (1-1)

Det var botnlaget Åheim som var motstandar for Sunnylven/Stranda 2 onsdag. Sjølv om vertar og gjestar var naboar på tabellen med tre poeng mellom var sigeren aldri trua i denne kampen.

-Vi stilte med eit langt anna mannskap enn mot FK Sykkylven då poenget rauk på overtid, men Åheim var aldri nær poeng mot oss i dag. Det var kjekt med ein siger, seier veteran på laget, Bård Forbord på telefon etter kampen.

Målskårarar for Sunnylven/Stranda 2 var Jørgen Helset med to mål, Leif Rune Tryggestad og Ole A. Ringdal eitt kvar, det siste var straffespark.

Framleis ligg Sunnylven/Stranda 2 på nest siste plass i 5. divisjon. Spørsmålet er om poenga og sigeren kom for seint til å berge plassen i divisjonen.
Laget har fire kampar igjen, tre på heimebane mot Langevåg neste onsdag, Åmdal og Hasundgot. Siste er mot Ravn borte.

Sunnylven/Stranda 2 stilte dette laget mot Åheim:
Joakim Fivelstad, Robert Tryggestad, Ole A. Ringdal, Jørgen Helset, Gunnar Espelund, Leif Rune Fivelstad, Eivind Louis Helset, Bård Forbord, Andreas Espelund, Markus Tryggestad Forbord, Håkon Mikal Dalen.

Innbyttarar:
Stein Kristoffersen, Ivar Sæter, Jens Arve Forbord, Magnus Kaldhusdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380