Lokalnytt

Snart pause for Bolsøy

Mannskapert på Bolsøy i land på Hellesylt. Frå venstre Kjell Øverland, Olav Waagan, Per Tallerås, kaptein Arne Vassvik, Anne Pettersen Henden , Tage Frederiksen.
Mannskapert på Bolsøy i land på Hellesylt. Frå venstre Kjell Øverland, Olav Waagan, Per Tallerås, kaptein Arne Vassvik, Anne Pettersen Henden , Tage Frederiksen.

I fem månader har turistferja Bolsøy ”pløgd” fjorden med reisande mellom Hellesylt og Geiranger. Måndag 30. september er siste dag etter Verdsarvfjorden for i år.

På ein av dei siste turane var vi med for å oppleve den mykje omtykte ferjeturen i haustleg drakt. Sesongen er på hell, men framleis reiser både privatbilistar og gruppereiser i det flotte landskapet.
Gamle Bolsøy la frå kai på Hellesylt med same go`lyden frå motoren som før, ei turistferje som har gått utan problem og får skryt av kaptein Arne Vassvik.
Alt har fungert som det skal seier sjefen om bord som i år feirar 10-års jubileum på ein fjordtur som han har blitt godt kjent på. Gjennom fem månader frå mai til ut september har det blitt over 1200 turar att og fram forbi kjente fråflytta fjord og fjellgardar som Matvik, Syltavik og Skageflå.

Grøn trimm
På brua rår kaptein Arne Vassvik over moderande utstyr og fleire dataskjermar, men ein arbeidsstad der det er mykje å passe på. Tida går fort, det har aldri vore lange og trøyttande dagar her, seier Vassvik som held forma vedlike med å sykle på fritida.
-Vi vart oppmoda om å kjøpe oss grøne syklar som går på batteri som vi kunne bruke på fritida i land til butikk eller andre oppdrag. Personleg brukar eg trøsykkel og det må vel vere det grønaste framkomstmidlet, så den skal eg behalde og bruke også neste år.

Skryt for service
Av og til har han også besøk av reisande på brua.
-Alle som spør får gjerne kome opp og sjå. For få dagar sidan var tre franske turistar innom. Dei syntes det var spanande og litt spesielt å få lov å kome opp i styrhuset på ei turistferje. Det hadde dei aldri fått oppleve før.
Han fortel at mannskapet alltid gjer sitt for å informere turistane og mange er overbegeistra over turen og over servicen som blir dei til del om bord. Det synest kapteinen er hyggeleg.

Mange kinesarar
Turisttrafikken mellom Hellesylt og Geiranger har hatt ein liten nedgang av passasjerbilar, men av passasjerar og bussar er det om lag på same nivå som i fjor.
-Vi har nok merka finanskrisa i Europa, spesielt har nederlandske, franske og tyske turistar svikta i år. Norge har blitt eit dyrt land å feriere i.
Frå Asia har det derimot auka, spesielt av kinesiske reisande. Ein tur hadde vi heile tre bussar om bord. Det er tydeleg at landet har økonomisk framgang, for dei har verkeleg starta å røyve på seg. Og det er greie og hyggelege folk så dei er velkomne, seier Arne Vassvik.

Blir pussa opp
Frå juni og ut august gjekk også turistferja Veøy i ruta mellom Hellesylt og Geiranger, men i september har Bolsøy vore åleine i ruta.
Turistferja Bolsøy går sin siste tur på Verdsarvfjorden måndag 30. september med siste tur frå Hellesylt til Geiranger kl. 18.30.
-Neste år er vi tilbake om ikkje spesielle hendingar oppstår, seier kaptein Arne Vassvik.
Etter sesongslutt måndag går 42 år gamle Bolsøy til Kristiansund for opplag og oppussing for ein ny sesong mellom Hellesylt og Geiranger neste år.

Kaptein Arne Vassvik på brua på Bolsøy.
Kaptein Arne Vassvik på brua på Bolsøy.
Matvik, bada i vakker haustsol.
Matvik, bada i vakker haustsol.
Syltavik.
Syltavik.
Vassføringa i "Dei sju systre" hadde spakna, men glitra vakkert i regnbogefargar.
Vassføringa i «Dei sju systre» hadde spakna, men glitra vakkert i regnbogefargar.
Ein vakker dag i turistbygda Geiranger.
Ein vakker dag i turistbygda Geiranger.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380