Sokneprest til Sunnylven og Geiranger

Sunnylven kyrkje. (Foto: Svein Runde)

Sunnylven kyrkje. (Foto: Svein Runde)

Etter vel to år utan fast prest kan Sunnylven og Geiranger igjen få tilsett sokneprest. To søkjarar melde seg til den utlyste stillinga.

Stillinga som sokneprest for Sunnylven og Geiranger vart lyst ut med søknadsfrist 4. september 2013.

No kan prost i Austre Sunnmøre prosti, Svein Runde melde til hellesylt.no at det har kome inn to søkjarar før fristen gjekk ut.
Desse er:
Stein Bernhard Karstensen, 59 år frå Hjørungavåg.
Morgan Berg, 29 år frå Yven.
Runde opplyser at det vert tilsetjing i Møre bispedømmeråd 4. oktober. Men før den tid har sokneråda det gjeld høve til å uttale seg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380